Med Sofus på tur
Hei!

Sofus er ein god, gammal buss som har frakta oss rundt i store delar av Europa sidan vi kjøpte han i desember 2005. 

Sommaren 2006 gjorde vi "den store ombygginga" slik at bussen (trass i at han ser ut som ein buss på utsida) vart forvandla til eit hus på hjul, eit hus der vi har hatt massevis av gode opplevingar og fått sett utruleg mykje. 

Når vi reiser, prøver vi å ha ein plan å reise etter. Men det betyr ikkje at vi reiser der vi har planlagt! Ofte tar vi andre vegar - eller omvegar - og av og til hamnar vi heilt andre plassar enn vi hadde tenkt. Det viktigaste er å reise med ei god seng, godt reisefølgje og eit ope sinn!

Under menypunktet 'Oversiktskart' kan du finne kart over dei ulike langturane vi har hatt. Under 'Reisebrev' finn du breva vi har skrive heim når vi har vore på tur.

Om du vil, kan vi dele erfaringane våre med deg: Berre klikk på "Tilgang"-knappen ti høgre i meny-linja og fortel oss kvifor du vil ha reisebreva våre.

Og om du skulle ha lyst til å få reisebrev kvar kveld (ca) når vi er på tur, kan du trykkje på 'brev'-knappen under:

 Velkommen!