Vi skulle på ein liten prøvetur (konfirmasjon i Oslo og ein rask handletur over Svinesund) med 'full buss' - i alle fall fleire enn vi hadde senger til.....
Da vi kom heim att, flytta vi køyesenga vi hadde bygd - og så laga vi ei same sorten køyeseng på andre sida.
Det var lurt å lage planteikningar, sjølv om resultatet vart litt annleis....
Vi fekk på plass kjøkenbenk etter kvart, eit lite bad vart bygd og vi var snart klare for første ferieturen vår.
Seinare har vi fått lagt inn vatn, vi har fått straumaggregat og vakuumtoalett, klimaanlegg og kjøkenvifte og anna vi ville ha.