Calvi

Fødestaden til Christopher Columbus(?)
Start slideshow
web counter
På campingplassen
Vi hadde slått oss til på Camping de Bodri, eit stykke nord for Calvi.
Toget kjem
Vi skulle ta toget til Calvi klokka 1026 i dag, så det vart ikkje stress med frukosten. Toget kom ganske presis i dag, på biletet kan du sjå det oppe i lia nord…
Hestar på stranda
Toglinja går langs kysten, og på ei av strendene oppdaga vi eit par hestar. På andre strender er det ikkje lov å ta med seg hunden, eingong.
Er det fotomotiv her?
Da vi kom rundt ein sving, reiste turistane seg for å ta bilete – og kva var det som hadde dukka opp no?
Citadel de Calvi
For oss som hadde førebudd oss, var det ikkje så overraskande: Festninga i Calvi! La oss ta litt historie: Korsika var underlagt republikken Genova i mange år.…
Vi går mot sentrum
Da toget rulla inn på stasjonen i Calvi (for øvrig endestasjonen), var vi raske med å gå ut – og i retning festningen. Vi var innom turistinformasjonen for å…
Finn ein feil
Dei fleste turistane gjekk oppover i ei smal handlegate, og som gode turistar følgde vi straumen. Vi kom forbi eit bakeri (som vi tok bilete av) – og her kjem…
Turistfelleområdet
Her har vi konstruert feil, for kven vil vel tru at Dag-Olav stiller seg opp og studerer ei hylle med syltetøy?
Turistfelleområdet
Eller kven trur at Lisbeth har stor interesse for bobledrikk til 20-30.000 kroner per flaske? Men som sagt, vi skulle vere gode turistar i dag!
Korikansk gris (?)
Vi er ikkje sikre på om grisen som var hengt opp over bananklasane var eit ekte villsvin eller eit eksemplar av den korsikanske grisen. «Den korsikanske grisen,…
Typisk vareutval
I slike handlegater finst det sjølvsagt mange souvenir¬butikkar, med ymse utval av varer produsert i ymse land rundt om i verda. Det mangla heller ikkje på…
Mot citadellet
Omsider kom vi opp til Citadelle de Calvi, murane var imponerande høge.
Minnesmerke over C C
Og i ein av murane var det eit monument over den mykje omtalte Christopher C. Litt seinare fann vi eit minnesmerke over huset der han skal ha vore fødd. Vi får…
Porten til citadellet
Eit slikt festningsverk består ikkje berre av ein ytre mur, her var det sanneleg ein heil by bak murane
Porten til citadellet
Inngangen til anlegget gjekk gjennom fleire overbygde gater, det kan sikkert ha vore gjort slik for å gjere det lettare å forsvare (og vanskelegare å angripe).…
Inne i citadellet
Og så var det gatekunst i citadellet! Truleg nyare enn festningsverket (som var bygd på 1200-talet).
Veggkunst, malt på lerret
Ved nærare gransking oppdaga vi fleire slike bilete som var malt på lerret (?) og limt opp på ulike stader i citadellet. Dette er kopiar av kunstverk donert til…
Suzanne
Det er den vakre Suzanne som prydar veggen på kyrkja
Kyrkja
Kyrkja måtte vi sjølvsagt innom – og denne var (som det meste elles her på øya) litt ulikt det vi har sett før: Kanskje det er ein god idé å ha preikestolen…
Utsikt frå kyrkjetrappa
Utsikta frå kyrkjetrappa var det i alle fall ingen grunn til å klage på!
Bilar her?
Men burde det stå bilar inne i dei trange smaua i festningen? Grett nok at folk bur her, men det verkar litt malplassert med parkerte bilar og motorsyklar i eit…
Middelhavet er nær
Calvi er ein havneby, og da er ikkje sjøen så langt borte, og da vi kom rundt eit hushjørne, såg vi Middelhavet att.
Fyrtårnet
Og da vi oppdaga fyrtårnet, kunne vi ikkje la vere å ta bilete av det (som gode turistar). Det var spennande å gå rundt i det som kan ha vore fødebyen til…
Nokon speiar ut over havet
I dag såg vi ingen smågutar som stod og speida ut over havet, den einaste som tok denne oppgåva alvorleg, såg ut til å vere han som sit på straumledningen her.
Sjølvportrett
Alle gode turistar tar bilete av seg sjølve når dei er på ukjende stadar.
Vi ser inn mot der toget gjekk.
Da vi kom over på den sida av festningen som vende inn mot hamna og stranda, vart vi litt overvelda av synet av byen, sjøen og dei høge fjella i bakgrunnen.
Flott strandområde ved byen
Vi måtte faktisk stoppe opp ei stund og berre nyte synet. Dette er noko av det flottaste vi har sett på Korsika, og det seier ikkje lite.
Korsikansk flagg
Da vi snudde oss litt, fann vi korsikanske flagg på toppen av festninga.
Turistfelleområdet
Det viste seg å vere mest praktisk å følgje handlegata på vegen tilbake til jernbanestasjonen. Der fann vi oss mat (til ikkje alt for brutale prisar). Vi synest…
Ved stasjonen
Mellom jernbane¬stasjonen og havna var det eit område med palmar, og no kan vi seie at det er like godt å sitje i skuggen av palmane som i skuggen av…
Toget heim att til Sofus
Toget som vi skulle reise tilbake med, stod på perrongen, og dette var togsettet med klimaanlegg! Turen tilbake gjekk utan vanskar, vi kom tilbake til Sofus og…
... og stranda ved campingplassen.
Slett ikkje ille med ei slik badestrand fem minutts spasertur frå campingplassen!
×

This album is using cookies to remember your preferences. It does not track you, neither it stores personal data.

This site is using the following external services that might track your visits anonymously. Disabling tracking will stop their functionality. FacebookAllow allDeny all