Kronach

med ei borg som aldri er blit erobra....
Start slideshow
web counter
Bubilplassen i Kronach
I går kveld stoppa vi i Kronach, ein bitteliten by ganske langt nord i Franken, det nordlegaste landskapet i Bayern.
Bubilplassen i Kronach - i regn
Og sanneleg vakna vi der i dag òg – og før frukosten var omme starta regn, regn og atter regn. Seksten grader ute, men inne var temperaturen heilt grei.
Bussparkering!
Vi kasta loss og kjørte mot den største(!) attraksjonen i Kronach: Festung Rosenberg – ein festning som kneisar høgt over gamlebyen.
Kart over festningen
Det er eit ganske stort(!) anlegg. Skriftlege kjelder nemner festningen alt i 1249, og når ein går rundt kan ein finne spor etter dei ulike utvidingane, i ulike…
Spesielt inngangsparti.
Inngangen frå bussparkeringa var litt annleis enn vi hadde venta oss.
På festningsområdet 1
I si tid vart festningen brukt av fyrstebiskopane i Bamberg, og i 1888 kjøpte byen Kronach festningen.
På festningsområdet 2
Korleis blir festningen presentert? Jau – med orda: Aldri inntatt, aldri erobra. Faktisk har ingen fiendar klart å trengje seg inn i festningen frå utsida!
På festningsområdet 3
Under første verdskrigen vart festningen teken i bruk som leir for krigsfangar med offisersgrad. Og her kjem ein artig historie som vi fann på eit skilt på…
Den berømte fangen!
Charles de Gaulle (1890-1970). Han kom hit i 1917, ikkje på besøk, men som krigsfange. Sjå på denne festningen. Ingen fiende har nokon gong trengt seg inn over…
Hovudporten
Vi prøvde heller å gå ut hovudporten.....