Med Sofus på tur
Kan ein gammal buss få nytt liv?
Denne gamle bussen har vi no reist rundt med i over ti år.
 
Det har vore år med mange utfordringar: lekkasje av kjølevatn, problem med dieseltilførsel til motor, trykkluftkoplingar som har sagt takk for seg, girkasse som ikkje vil kople inn….. 

Men òg år med fantastiske opplevingar på turar langs heile Norge og nedover i Europa – sør til Italia, vest til Frankrike og aust til Ungarn. Kontrastane har vore store: alpepass og danske strender, minusgrader og steikjande sol, turistfeller som Bernkastel i Moseldalen og fredelege landsbyar som Oberkirch i Schwartzwald. 

Mange av turane har gått gjennom Danmark og Tyskland, noko som er naturleg når vi bur rett utanfor Bergen og det går båtrute derfrå til Danmark. Det er enklare (og bilegare) å kjøre femti mil i Danmark og Nord-Tyskland enn over fjellet til Oslo og Kielferja. 

Tyskland er eit land som mange reiser rett gjennom på veg mot Middelhavet. Vi har brukt ein del tid der, og dei har mykje meir enn pølser og øl å tilby. Og mange av dei mest interessante opplevingane har vi hatt langt borte frå turistområda i Rhindalen, Moseldalen og Berlin. I Schwartzwald ligg det mange flotte plassar, og området sør og aust for Dresden er absolutt verd eit besøk. 


Det finst småbyar overalt, og i mange av dei finst det MAN-verkstadar (noko vi har dratt nytte av meir enn ein gong).  

Bussen går ikkje så fort (vi har målt 112 km/h på GPS på motorveg i Tyskland), men motoren har fort blitt litt andpusten i motbakkane. Det har likevel ikkje begrensa oss så mykje, bortsett frå at det av og til har gått seint i nokre fjellovergangar. 

Og det var ikkje dette som var problemet da vi brukte tre veker frå Bergen til Kristiansund og tilbake; her var det så mykje å sjå på at vi stadig måtte stoppe og fordøye inntrykka. Etter ein femvekes tur til Lofoten og Nordkapp, såg vi fram til å kjøre gjennom landskapet i Danmark att – for å kvile augene.